Sogndalsporten – Der vi møtest i Sogndal
Sogndalsporten er eit ambisiøst byutviklingsprosjekt som skal forvandle dagens skyssstasjon til eit pulserande og berekraftig bykvartal – ein stad der folk møtest, bur, jobbar og reiser frå. Prosjektet kombinerer ein ny, moderne kollektivterminal med bustader, næringsliv og levande byrom, og blir ein viktig brikke i utviklinga av Sogndal som regional motor.
Prosjektet knyter saman sentrum og Campus gjennom nye samband, og etablerer ein struktur av byrom og møteplassar som styrkjer sentrumskjernen. Det er planlagt bygningar med næringslokale på gateplan og 200–250 bustader i ulike storleikar i dei øvste etasjane. Bygningsmassen skal skjerme mot støy og skape eit urbant preg, samstundes som det vert etablert grøne og sosiale uterom – inkludert tun, takhagar og private balkongar.
Bygolvstrategien legg vekt på tre hovuddimensjonar: stadutvikling, nabolagsutvikling og næringsutvikling. Dette inneber:
Heilskapleg identitet gjennom blågrøn struktur, låg fart og aktive førsteetasjar.
Sosial berekraft med private og felles uterom, attraktive inngangsparti og møteplassar for barn, unge og eldre.
Verdiskaping gjennom næringar som prioriterer kvardagsbehov for innbyggjarar og bebuarar, samt tilbod retta mot turistar og tilreisande.
Bygolvet skal vere ei rekkje definerte rom – ikkje berre ei gjennomfartsåre – og skal programmerast med leik, lys, kunst og opplevingar. Delområde skal tilby ulike kvalitetar, frå rolege leikeplassar til meir urbane og trafikkerte møteplassar.
Den nye skyssstasjonen skal vere ein effektiv og oversiktleg terminal med haldeplassar for seks bussar, venterom, personalfasilitetar og «kiss-n-ride». Terminalen skal fungere som ein portal til Sogndal for både fastbuande og tilreisande, og bidra til å redusere bilbruk ved å fremje grøn mobilitet.
Prosjektet er forankra i brei medverknad, med verkstader for barn og unge, lokale aktørar og innbyggjarar. Målet er å skape eigarskap, sikre lokal forankring og utvikle eit bygolv som fungerer for både kvardagsliv og besøk.